Erlend Leirdal – Skiftninger
Erlend Leirdal (f. 1964) har verksted i Trondheim, og arbeider med treet i sitt kunstnerskap. Leirdal en godt etablert billedhogger, med en utmerket forståelse og følsomhet for materialet.
Høsten 2018 viser han i Nils Aas Kunstverksted blant annet skulpturer fra serien Skiftninger, som i sin helhet er laget av poppeltre hentet fra Olavshaugen på Stiklestad Nasjonale Kultursenter (2016). I materialet ligger trærnes historiske betydning, mens i kunsten tar de ny form og tilfører en ny virkelighet.
Utstillingsåpning 22. september 2018, kl. 13.00
Leirdals skulpturer og installasjoner veksler mellom det røffe, sammensatte og myke, organiske. Det abstrakte modernistiske formspråket er fremtrer som en rød tråd, men grunnlaget synes å ha utspring fra flere sammensatte opprinnelser. Til sammenligning med Nils Aas er håndverkstradisjonen et av de viktige elementene i Leirdals virke. Og han stiller like gjerne ut under fanen kunsthåndverker, som samtidskunstner. Denne spennvidden, øye for form og formsammenstillinger og evnen i håndverket, utgjør et unikt kunstnerskap.
I tillegg til en rekke separat - og kollektivutstillinger, er Leirdal er kjent for et betydelig antall offentlige utsmykninger. Blant dem finner vi lokalt: installasjon på Verdal VGS (2013), ved Høyskolen i Levanger (1996), Steinkjer Tinghus (1998) og Namsos VGS (1992). I Trondheim står det en rekke utsmykninger og skulpturer; Asveien skole (2015), AAstahagen Barnehage (2015), Berg studentby (2011), Gjørtlerveien Barnehage (2007), Valentinlyst sykehjem (2005), Statoil2004), Utforming av Jomfrugata Allmenning (2000), NTNU Dragvoll (1994, 1992), m.fl.
Åpningstale ved Robert Øfsti
ERLEND LEIRDAL - "Skiftninger"
Erlend Leirdal passer inn i den her urfortellinga mi om norsk skulptur, i alle fall på eit par punkt.
Trass i ein oppvekst i eit strøk med høg pianotettheit, blant møblerte hjem på Øya i Trondheim - og med verkstad i Strandvegen på Svartaste Svartlamon der det er betydeleg lenger mellom pianoane.Med ein far som pendla mellom byens to katedralar - hogde domkjerkeskulptur og underviste arkitektstudentar på Gløshaugen, og ei mor som dreide keramikk, ei tante var skulptør, den andre malar, som mormor. Impulsar til urbankunst var det nok av. Men eg trur Erlend Leirdal eigentleg kjem meir fra Nordmøre, fra landskap med geitbåt og grindbygg, fra landskap der folk veit masseom tre og skog. Fra Jon Bojer Godal-land. Fra landskap med kvasst verktøy.
Det var oppveksten. Erlend høver dårleg i utdanningskapitlet, sjølvlært som han er, men i neste kapittel er han på plass – billedhoggaren som arbeider i og for det offentlege rommet.
Første gangen eg traff Erlend var i 1992. Eg var på jobb for NRK Nord-Trøndelag og skulle lage reportasje. Erlend sto på Spillum Dampsag med tømmerbile og hogg fram fra grov furu det som skulle bli det første i ei lang lang rekke av kunstverk for det offentlege rommet. Det meste i tre.
For Nils Aas tok det tid å finne att treet - «du må ut for å kunn kom heim» sa han ein gang. Erlend har bestandig budd godt i treet. Det heng nok også saman med at kunsten forandra karakter i dei siste tiåra i forrige årtusen. Meir vekt kanskje på utforsking av prosess og materialitet enn på avbildning og monumentalitet.
Eg hugsar ikkje kva eg spurde Erlend om, eller kva han svarte. Eg håper det vart eit bra intervju.
Det kunstverket vi snakka rundt, det vart ein nyheit for noen år sia. Det var tatt ned fra plassen sinog låg lagra for vær og vind i skogen. Da vart Erlend sint. Ikkje så mye på eigne vegne. «Neste gang er det en annen kunstner det rammer. Jeg går ikke ut med dette for å være grinete, men for å få opp forståelsen for hvilket ansvar det offentlige har for sine ervervelser», sa Erlend Leirdal til Adressa. Nils Aas opplevde at skogvesenet i Oslo såg seg nøydd til å sage ned OL-elgen hans ved Midstubakken fordi dei ikkje hadde vedlikehalde den skikkeleg, sånn at geviret kunne ramle ned i hodet på eit barn. «Dæm kunna no ha ringt, sa Nils - namnet mitt står jo i telefonboka». Det er litt trist, men truleg vil det fortsette sånn – kunstnerane må ikkje berre skape kunsten, det er også dei som må ta kampen mot den maktens arroganse som syns det er greit å fjerne kunst når kunst blir til bry.
Kulturprogrammet til NRK Nord-Trøndelag heitte Galleri 1715. Der prøvde eg også å snakke om kunstutstillingar. Det var ei utfordring, for det er jo ikkje sant at kunsten kan tale for seg sjølv – det blir i alle fall dårleg radio av det. Etterkvart kom eg fram til at det eg kunne gjere, det var å kome med eit slags tilbud til lyttaren – eit tilbud om ein synsvinkel, eit blikkpunkt om han eller ho fann på å skulle gå på den utstillinga eg hadde snakka om: «Hvis du stiller deg her, og ser på den her utstillinga under den og den synsvinkelen, så kanskje du kan oppdage noko.» Og det vil eg prøve no også: Tilby ein synsvinkel på Erlend Leirdals si utstilling.
Da skal vi til eit tårnværelse i eit slott ikkje så langt fra Bordeaux. Til det tårnværelset der Michel de Montaigne 38 år gammal trekte seg tilbake ein gang på slutten av 1500-talet etter at han var lei av å vere byråkrat i Bordeaux. Han trekte seg tilbake til tårnværelset på slottet sitt for å tenke og skrive. Eller meir presist: for å tenke gjennom skriving. Der skapte han ein ny sjanger – essayet. Den ressonerende teksten som bynner med ein tanke, men der tanken utvikler seg og prøver seg fram, ord for ord, nærmest. Prøvende – essay betyr jo direkte oversatt - forsøk. Og eg trur vi kan sjå på Erlend Leirdal sine skulpturar som forsøk. Respektlaust, tenkjer du. Det må da vere meir enn forsøk? Nei, kunstverket er aldri meir, og ikkje mindre heller, enn eit forsøk. For man kan aldri lære å produsere kunst. Ikkje sånn som man kan lære å løyse andregradslikningar, fransk grammatikk eller å sykle. Man kan lære seg til å gjere forsøk - eller sagt på ein annan måte – lære seg til aldri å slutte å spørre: Kva skjer hvis.... Kva skjer hvis eg tek livsløgna fra eit gjennomsnittsmenneske, maler himmelen grønn. Eller kva skjer hvis eg spør om å få poppeltrea som sto rundt Olavsstøtta på Stiklestad. Poppel har eg aldri prøvd før. Eller kanskje har eg det, men ikkje det her popppeltreet. Og kvart emne er noko nytt – kvart emne vil noko anna. Det er geitbåtbyggarkunnskap. Det var Fortidsminneforeninga sine trær, men det var ikkje Fortidsminneforeninga som tenkte at det her kan det bli kunst av. Fortidsminneforeninga tenkte at trea må bort no sånn at nye tre kan bli store til 2030. Eg satt i styret, så det veit eg.
Men kunstnaren spør: kva skjer hvis ... Dei sluttar aldri å spørre kva skjer hvis. Det er difor vi treng dei. Så står kunstnaren der med sine poppelemner, sine verktøy, sitt handlag og sin kanskje vage ide eller sin kanskje presise ide. Men han veit jo ikkje om det går. Men han forfølgjer ideen, bygger sitt essay med sitt språk, sine ord, som er merker etter hoggjernet, merker etter øksa, merker etter høveltanna, merker etter verktøy som er så finstilte at dei ikkje sett merker. Verktøyet må vere kvasst, akkurat som Montaignes essay-ord er kvasse, ikkje kvasse i betydninga sårande, men kvasse i betydninga presise. Det nyttar ikkje med «liksom» «på ein måte» «på det nåværende tidspunkt» «styringsdialog», «robuste regioner». Skarpt verktøy – eg følgde ein gang Erlend sine kolleger Bjørg Nyjordet og Magnar Gilberg tett, gjennom eit pedagogisk treprosjekt på Nord- Statland skole i Flatanger. Og eg hugser kordan Magnar plutseleg vart kvass i målet: «Du, derre der like æ vældig dårlig at du gjer» Eleven skvatt tilbake, kunne den her milde mannen bli sint? «for når du pusse med sandpapir så bli det liggande att sand i treverket og når du etterpå skal bruk fil så bli fila sløv». Og sløvt verktøy duger ikkje: det bli berre liksom og på ein måte. Eleven lært ei lekse om mykje meir enn om verktøybruk.
Ho lærde ei lekse om respekt. Den same leksa kan vi lære av Erlend Leirdal sine essays i tre. Respekt for den som spør kva skjer hvis, sånn at poppel fra Stiklestad faktisk lever vidare og er her. Respekt for ein tradisjon som strekker seg langt bakover i generasjonane, til geitbåtbyggarane og grindhusbyggarane. Vi kan leite etter kontrast, bevegelse, balanse og enhet – det er typografkunnskap. Vi kan leite etter ideen, sjå korleis ideen finn form, ord for ord, ord som er øksehogg og hoggjern og høvel.
Det er i alle fall ein synsvinkel på dei. Dermed har mitt essay, mitt forsøk for dagen prøvd seg fram til ein slutt. Det står att å seie at Erlends essays er åpne for di lesing – lykke til!
Robert Øfsti 22.9 2018